Heimekampen mot Kristiansund FK enda 1–0 etter ei tidleg skoring i det 14. minutt av Karsten Bjelde jr.
Skoringa heldt heile vegen og jublande Fjøra-spelarar kan konstatere at dei redda plassen sin. Dermed kvalifiserer dei seg til den nye regionligaen i tredje divisjon neste år, der Fjøra og Førde blir å finne frå vårt fylke.
Kampen var også ein skjebnekamp fordi trenar Håvard Hatle truga med å trekke seg dersom laget rykka ned.
No blir han verande.
– Vi er eit veldig ungt lag og gutane var prega av stundas alvor også i dag. Men dei ofra seg og heldt Kristiansund unna eige mål. Så all respekt til dei, seier trenar Hatle.
Ikkje beste kampen
Fjøra fekk ikkje spelet sitt til å fungere gjennom kampen. Men det helt likevel heilt inn.
– I dag handla det om å finne. Og det gjorde vi. Gutane gjorde ein kjempejobb, meiner Hatle.
Han truga med å gå som trenar dersom laget gjekk ned. Grunnen er at han meiner det då ville vore hans feil som trenar.
– Ja, for gutane er gode nok. No blir eg verande om styret vil ha meg, lovar Hatle.
Han legg ikkje skjul på at det er ein gledens dag.
– Det er ein herleg følelse. No skal vi nyte kvelden!