Gode vibrasjonar, og Herregud

Guddommelege språklydar, bass og rytmar. Dei leikar ikkje rastafari i Bodø.

SYNG OM GUD: Vegard Leite i Bodø-gruppa Manna. Foto: Privat
SYNG OM GUD: Vegard Leite i Bodø-gruppa Manna. Foto: Privat Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Nokre kallar det ein filosofi eller ei politisk rørsle, men dei fleste kallar det ein religion. Kort fortalt oppstod rastafarianismen på Jamaica på trettitalet. Denne trusretninga har ingen eigne heilage skrifter, men har lånt litt frå her og der. Det er ein interessant miks av jødedom, kristendom, animisme og afrosentrisk mytologi.

Skrifter eller ei, rastafariane set mykje lit til språkets makt. Språket deira er fullt av omskrivingar og nye definisjonar av engelske ord. Dette er sjølvsagt identitetsmarkørar som skal legge avstand til Babylon (den kapitalistiske vestlege verda), men det viser òg ei tru på språkets definerande kraft over verkelegheita, noko som til sjuande og sist er ei tru på krafta i lydlege vibrasjonar.

Ein annan viktig språkleg markør hos rastafariane, er det kollektive eg-omgrepet: «I & I», seier dei — eg og eg — og meiner både seg sjølv og Gud, for Gud er i ein sjølv. Det kan òg bety 'oss', 'dei' eller 'du', for ein må ikkje skilje enkeltindividet frå fellesskapet og Gud.

Me ser altså både eit fokus på enkeltindividet og ei sterk tru på det kollektive, noko som kan minne om anarkisme — og Gud er noko som bur i alt og alle. Du er Gud, og eg er Gud. Men Gud er ikkje berre ei kraft, han gjekk òg rundt på jorda som ein reinkarnert Jesus frå 1892-1975. Sjølv kalla han seg Haile Selassie, og var forbløffa over sin status som messias. Personleg var han etiopisk-ortodoks kristen, og keisar av Etiopia.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.