Er det død me skal tilby?

Eg fryktar at aktiv dødshjelp kan bli ein del av helsetilbodet.

MERKESTEINAR: Det som uroar meg, er at vi flyttar på viktige merkesteinar i vår haldning til liv og død.
  • Dag Sele
    Dag Sele
    Sentralstyremedlem i KrF, Stord
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Liberalistiske stemmer i samfunnsdebatten, oftast frå Frp eller Venstre, tek frå tid til annan til orde for aktiv dødshjelp. Sjølv om eit stort fleirtal av både fagfolk og politikarar er klare motstandarar, er det stadig fleire som no vil vurdera dette. Ein levande debatt om slike tema er for så vidt berre av det gode. Det som uroar meg, er inntrykket av ei underliggjande rørsle i retning av å flytta på viktige merkesteinar i vår haldning til liv og død.

Mitt inntrykk er at argumenta for dødshjelp oftast tek utgangspunkt i frykta for å måtta leva med store smerter eller anna liding. Dette blir av og til kombinert med tildels romantiserande framstillingar av døden som eit nesten vakkert alternativ.

Eg har sjølvsagt full respekt og forståing for at enkeltpersonar i uuthaldelege situasjonar har ønskje om hjelp til å døy. Men ei opning for aktiv dødshjelp har langt større konsekvensar enn for dei enkelttilfella som media ofte har som utgangspunkt.

Les også

Belgia bryter tabu: Tenåring valgte selv å dø

Kva vil innføring av eit slikt tilbod ha å seia for vårt syn på livet, sjukdom og alderdom? Sjølv om ein ikkje skulle dela KrF sitt syn om at livet er ukrenkeleg og menneskeverdet absolutt, vil eg tru at ein kan dela vår bekymring for at smerte og liding i ytterste konsekvens blir møtt med døden som eit alternativ. Det er nemleg god grunn for å frykta at det er ein relativt kort veg frå dagens argument om dei ekstreme unntaka, til at dette blir rekna som ein del av helsetenestene sitt tilbod. Og vegen er nokså kort derfrå til at det pregar våre haldningar til sjuke og døyande og påverkar satsinga på livshjelp.

Ein treng ikkje sjå lengre enn litt ut i Europa og nokre få år tilbake i tid. Dei landa som har innført aktiv dødshjelp, kan fortelja om ei utviding i kven som får tilbodet, og i Belgia har dei no også opna for aktiv dødshjelp for barn.

Les også

Kven vil tørka meg bak?

Dette er ikkje overraskande. For dersom argumentet er at dødshjelp skal vera ein veg ut av liding, og at den enkelte skal bestemma sjølv, kven skal då bestemma at mi liding og min situasjon ikkje er like verdig som andre sin? Ei innføring av aktiv dødshjelp vil medføra ein «skråplaneffekt» mot stadige utvidingar, sjølv om ingen i utgangspunktet ønskjer det.

Undersøkingar blant personar som oppgir at dei ønskjer hjelp til å døy, har vist at den vanlegaste grunngjevinga ikkje er frykta for smerter og liding, men frykta for å vera til bry for familien og andre. Mekanismene bak dette er lette å forstå. Dersom det skulle bli ei ikkje heilt uvanleg løysing å be om aktiv dødshjelp, kjenner vel dei fleste av oss nokon som ville få dårleg samvit av å heller velja vidare liv med hjelp frå familie og dyre helsetenester.

Les også

Døden kan også være vakker

Spørsmåla er så vanskelege at dette må kvar og ein få bestemma sjølv, blir det sagt frå enkelte hald. Og resonnementet kan verka tiltalande. Om det då var slik at ein valde kun for seg sjølv. Dersom ein skulle innføra aktiv dødshjelp i Noreg, skjer nemleg noko langt meir enn at enkeltmenneske får velja sjølv. Då flyttar me som samfunn på viktige merkesteinar når det gjeld respekten for livet.

Vår ideologi gjer at me heller ønskjer ein politikk for aktiv livshjelp. Difor går me inn for kraftig auke i tilbodet om lindrande behandling, styrking av psykisk helsearbeid og av eldreomsorga. Vårt mål er at alle, både friske og sjuke, skal få hjelp til å finna mest mogeleg meining i å leva sine verdige liv. Det håpar eg fortsatt at det store fleirtal i folket og blant politikarane ønskjer.

For det er vel ikkje død me ønskjer å tilby våre lidande medmenneske?

Publisert: