Ny landbrukspolitikk – livskraftige bygder

Venstre vil ha landbruk i hele landet., Foto: Steinar Bleken

Politisk uttalelse vedtatt på felles årsmøte i Hedmark og Oppland Venstre den 10. og 11. februar 2018:

Ny landbrukspolitikk, livskraftige bygder
Jord- og skogbruket står sterkt i Noreg. Næringa er berebjelke i mange lokalsamfunn, og har ringverknader for alle andre næringar og sektorar, som til dømes reiseliv og turisme.

God landbrukspolitikk er god miljøpolitikk: Bonden forvaltar store jord- og utmarksressursar, og eit velpleia kulturlandskap. Venstre skal spele på lag med bøndene og saman med næringa finne gode, berekraftige og framtidsretta løysingar for dei som står i han – både dei som ynskjer å løfte landbruket i nye retningar, og dei som hegnar om ei tradisjonell drift.

1. Landbruket arbeidar etter klare effektivitetsmål, men produserer i dag for mykje mat. Ei forklaring på dette er kravet om effektivitet, import av konkurrerande mat, men òg import av kraftfôr. Ein slik struktur er lite framtidsretta. Venstre ynskjer eit berekraftig landbruk, at utmarka blir utnytta i større grad og at større delar av innmarka blir nytta til produksjon av grovfôr, korn, grønsaker og frukt der det ligg til rette for det. Venstre ynskjer å styrke ressursutnyttinga i landbruket, i samarbeid med Innovasjon Norge.

Venstre vil vri fleire av dei statlege tilskotta frå produksjon til forvalting av areal, regulert etter relevante målemetodar. I dag går subsidiane i stor grad til produksjon av mat. Men arbeidet på garden er omfattande: Ei dreiing av subsidiane frå produksjon til forvalting av areal kan vere med å sikre at bøndene i større grad tek vare på kulturlandskapet og biologiske mangfaldet.

2. Styrke økonomien og velferdsordningane i landbruket: Økonomien er avgjerande for rekrutteringa til landbruket. Det er knytt stor økonomisk risiko til det å drive ein gard. Kostnadene er store, etterslepet stort. Ei gjennomsnittleg næringsinntekt på 173 000 kr (2014) ser ikkje den økonomiske framtida lysteleg ut. Gode velferdsordningar er viktig for å sikre både god dyrevelferd og rekruttering til landbruket gjennom gode avløysarordningar ved ferie, fritid og sjukdom. Unge bønder må sikrast økonomien i startfasa, til dømes ved at staten går inn med ekstra oppstarttilskot.

3. 42 år etter at odelslova likestiller kvinner og menn, er det enno eit fåtal kvinnelege bønder i landet, knappe 14 prosent. Landbruket treng unge drivarar, og særleg kvinner. Og i fylgje seniorforskar Marit S. Haugen er kvinner meir endringsviljuge enn menn ved at dei stiller krav. Venstre vil arbeide for at unge satsar framtida innan landbruket. Ansvaret for meir likestilling i landbruket er ei tung oppgåve for Stortinget og regjeringa. Dei må ta arbeidet for fleire kvinnebønder på alvor, gjennom tiltak og haldningsendringar.

4. I Jeløya-erklæringa har Venstre fått inn at den nasjonale jordvernstrategien, vedteken av Stortinget i 2015, skal følgjast opp. Der er målet at årleg omdisponering av dyrka mark skal under 4000 dekar årleg innan 2020. Det er ikkje meir enn i overkant av 10 dekar i kvar kommune, og inneber at vi må bremse omdisponeringa kraftig i tida som kjem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**