På eit historisk møte i Gulen 27. oktober i fjor vedtok fylkestinga til Hordaland og Sogn og Fjordane å slå seg saman til eit nytt storfylke.

Politikarane vedtok også å gå for det kontroversielle namnet «Vestlandet». Namnevalet har vekt sterke reaksjonar både i nord og sør, då både Møre og Romsdal og Rogaland meiner dei er ein del av Vestlandet og at to fylker no kuppar namnet på ein heil region.

No har fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane nyleg vore i møte med Monica Mæland (H), som er ny kommunal- og moderniseringsminiser etter Jan Tore Sanner.

– Det var eit godt og konstruktivt møte, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) i ei pressemelding.

Med på møtet var også fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) og fylkesvaraordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap).

– Eg har lagt fram namnevedtaket som er solid forankra i fylkestinget vårt og gjort greie for argumenta våre, så no er det opp til sentrale styresmakter å kome med den endeleg avgjerda, seier Følling vidare.

I løpet av våren 2018 legg Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ein namneproposisjon til Stortinget, og Stortinget skal gjere endeleg vedtak i saka før sommaren.

Les også

Trenger vi denne regionreformen? Svaret mitt er ja